p2m-2016-014-3367-edit.jpg

Tannregulering for barn og unge

Ein reknar med at ca. 30% av eit barnekull har kjeveortopedisk behandlingsbehov. Vanlegvis er det den lokale tannlegen eller tannpleiaren som viser til vurdering. Tann- og kjevestillingsfeil kan vere arvelege, men kan også skuldast suge- og bitevanar eller tap av tenner på grunn av tannråte eller skadar. Tenner eller kjevar som veks feil kan blant anna gi plager som tannskadar, unormal slitasje, vekstavvik, muskelspenningar, kjeveledds- eller taleproblem. Tannforflytting hos barn skjer lettere enn hos vaksne. Flyttinga skjer lettare fordi kroppen veks, vevet endrar og tilpassar seg lettere. Det finst ei rekkje ulike bittfeil, og behandlinga av desse bør gjennomførast til ulike tidspunkt under denne utviklinga. Særleg veksten kan nyttast positivt og gjer at behandlinga blir enklare, derfor er det viktig at barn ikkje får tilvising til kjeveortoped for seint. Ta kontakt dersom du er i tvil om barnet ditt treng tannregulering eller ikkje. Då kan vi samtidig ta stilling til eventuelle bittfeil - heller litt for tidlig enn for seint!

Tidleg behandling (ca. 7-9 år) i det tidlege vekslingstannsettet:

I denne alderen handlar det om enkel og kortvarig behandling med mål om å korrigere ein bittfeil under utvikling, utvide kjevane for å redusere risiko for tanntrekkingar seinare, og legge forholda til rette for vidare vekst og tannutvikling. Ei innleiande behandling kan føre til at behandlingstida med fast streng seinare blir kortare og i enkelte tilfelle unødvendig. Eksempel er underbitt, kryssbitt med for smal overkjeve, ope bitt i fronten, manglande fortenner (medfødd), stor plassmangel for dei nye fortennene og store overbitt.

Behandling i seint vekslingstannsett/det permanente tannsettet ( ca. 10-14 år):

I denne alderen feller ein resten av melketennene og veksten blir sterkare i puberteten. Det er i denne perioden dei fleste behandlingane med fast streng startar.

Behandlingsstart

På første besøk vil vi gjennomføre ei klinisk undersøking og ofte også ei røntgenanalyse av tenner og tannstilling. Vi stiller ei diagnose og snakkar om eventuelt tidspunkt for behandling og kva type apparaturar som kan vere aktuelle. Dersom det er eit ønske og behov for behandling, vil vi også lage digitale modellar av tennene og foto av tenner og ansikt. Er det for tidleg å starte behandling, avtaler vi tid for ny innkalling.

Behandlingsprinsipp

Tennene sit ikkje heilt fast i kjevebeinet, men heng i små trådar som blir kalla ligament. Når dei vert påverka av krefter frå reguleringsapparaturen, blir kjevebeinet omforma rundt tennene slik at dei flyttar seg til ein ny posisjon. Tenner er dynamiske og endrar posisjon gjennom heile livet, også for dei som ikkje har hatt tannregulering. Det er difor viktig å stabilisere tennene også etter fullført behandling. Dette gjer vi ved å bruke nattplate det første året, og ved å lime støttestrengar på baksida av fortenner i over- og underkjeven, som står på fleire år etter reguleringsbehandlinga.

Prisar / Refusjonar

Prisane på behandling varierer avhengig av kva bittfeil ein har, samt kva behandlingar som er nødvendige. Helfo (Helseøkonomiforvaltninga) gir støtte til pasientar under 20 år ut i frå offentleg takst av "rimeleg forsvarleg behandling" hos tannlegespesialist. Stønaden varierer frå 40 % til 100 %, og behandlinga må starte seinast det året ein fyller 20 år for å få refusjon.

A: 100 % refusjon

Store bittfeil som krev kirurgisk korreksjon i tillegg til regulering. Gjeld også leppe-ganespalter og barn med medfødd og pådradd craniofacial liding.

B: 75 % refusjon (90 % med søskenmoderasjon)

Store bittfeil, f.eks kryssbitt, overbitt 9 mm, underbitt, svært djupe bitt, manglande anlegg for tenner.


Gr. C: 40 % refusjon (60 % med søskenmoderasjon)

Klart behov (den vanlegaste gruppa). Moderate bittfeil, t.d. overbitt 6 mm, djupe bitt og plassmangel.


Gr. D: 0 % refusjon

Mindre avvik av lettare kosmetisk art. Behandling kan utførast, men då må behandlinga betalast fullt ut.

Dersom fleire søsken treng regulering, får ein søskenmoderasjon frå og med barn nummer to dersom søsken har fått refusjon for behandlinga etter gruppe B eller C.

Helfo reknar ut refusjonen ut i frå offentlege takstar for tannbehandling som blir fastsette av Helse- og omsorgsdepartementet. Prisane våre ligg noko over dei offentlege takstane, og det blir derfor eit mellomlegg som pasientane må dekkje sjølve. Dette er vanleg både ved offentlege og private tannklinikkar. Hos oss er pristillegget på ca. 25 % av dei offentlege takstane.

Før behandlinga blir sett i gang, vil du få eit kostnadsoverslag og ein behandlingsplan med informasjon om typen, lengda og kostnaden av behandlinga. Eigendelen blir oppdelt i fleire avdrag som blir spreidde utover den tida behandlinga tar. Prisane på behandling varierer avhengig av bittfeil og kva type regulering ein vil velje. Vi har direkte refusjon frå Helfo slik at du berre betalar eigendel til oss.

Priseksempel på eigendel:

  • Første konsultasjon inkl røntgen: kr 600,-
  • Innleiande behandling med plate/enkel apparatur: kr 2 000 - 9 000,-
  • Fast streng i ein kjeve: Eigendelen varierer mellom kr 5 900 - 13 700,-
  • Fast streng i to kjevar: Eigendelen varierer mellom kr 8 800 - 22 000,-