p2m-2016-014-3476-edit.jpg

Tannregulering for vaksne

Vi opplever at fleire og fleire vaksne ønskjer kjeveortopedisk behandling av ulike årsaker. Det er aldri for seint å komme i gang! I tillegg til ordinær behandling med metallklossar på framsida av tennene tilbyr vi fleire estetiske metodar.

Keramiske brackets (kvite klossar)

Limast på framsida av tennene, men er mindre synlige enn ordinære metallklossar. Vi har også streng som er kvit.

Incognito, usynleg tannregulering på baksida av tennene

Finnast i variantane "Incognito full" som tar med alle tennene og "Incognito lite" som kan egne seg for milde trangstillingar eller mellomrom i fronten.

Incognito2.jpg

Invisalign, plastskinner

Avtagbare plastskinner som må brukast minimum 22 timar i døgnet.

Invisalign-Top.jpg

Behandlingsstart

På første besøk vil vi gjennomføre ei klinisk undersøking og ofte også ei røntgenanalyse av tenner og tannstilling. Vi stiller ei diagnose og snakkar om eventuelt tidspunkt for behandling og kva type apparaturar som kan vere aktuelle. Dersom det er eit ønske om og behov for behandling, vil vi også lage digitale modellar av tennene og ta foto av tenner og ansikt.

Behandlingsprinsipp

Tennene sit ikkje heilt fast i kjevebeinet, men heng i små trådar som blir kalla ligament. Når dei vert påverka av krefter frå reguleringsapparaturen, blir kjevebeinet omforma rundt tennene slik at dei flyttar seg til ein ny posisjon. Tenner er dynamiske og endrar posisjon gjennom heile livet, også for dei som ikkje har hatt tannregulering. Det er difor viktig å stabilisere tennene også etter fullført behandling. Dette gjer vi ved å bruke nattplate det første året, og ved å lime støttestrengar på baksida av fortenner i over- og underkjeven, som står på fleire år etter reguleringsbehandlinga. Hos vaksne pasientar vil vi i enkelte tilfelle anbefale å behalde støttestrengane permanent.

Prisar

Pasientar over 20 år har ikkje rett til refusjon frå Helfo, men enkelte bittfeil hos vaksne kan gje refusjon, dette vil din vanlege tannlege ha kunnskap om og vil vise deg til oss dersom du har behov for behandling. I alle andre tilfelle er det ikkje nødvendig å ha henvisning før behandlingsstart.

Før behandlinga blir sett i gang, vil du få eit kostnadsoverslag og ein behandlingsplan med informasjon om typen, lengda og kostnaden av behandlinga. Betalinga for behandlinga blir oppdelt i fleire avdrag som blir spreidde utover den tida behandlinga tek.

Priseksempel:

  • Første konsultasjon inkl røntgen: kr 900,-
  • Fast streng i ein kjeve: kr 15 000 - 25 000,-
  • Fast streng i to kjevar: kr 25 000 - 35 000,-
  • Enkel regulering på baksida av tennene i ein kjeve (Forestadent 2D lingual og Incognito lite): kr 15 000 - 25 000,-
  • Incognito (full) regulering på baksida i ein kjeve: kr 35 000,-
  • Incognito (full) regulering på baksida i overkjeven og fast streng på forsida i underkjeven: kr 45 000 - 50 000,-
  • Incognito (full) regulering på baksida i begge kjevar: kr 60 000,-
  • Invisalign i ein kjeve: kr 25 000 - 30 000,-
  • Invisalign i to kjevar: kr 40 000 - 50 000,-