kjeveoperatorane.jpg

Om oss

Hei og velkommen til oss! Med lang erfaring og eit solid team, tilbyr vi i Kjeveortopeden alle typar kjeveortopediske behandlingar for både unge og vaksne.

Hos oss fokuserer vi på samspelet mellom tenner, kjever og ansikt. Kvar pasient er unik og alle behandlingar vert skreddersydde for å oppnå best mogleg resultat.

Kjeveortopeden vart stifta i 1976 og består i dag av 8 dyktige og engasjerte tilsette som behandlar omlag 7-800 nye pasientar årleg. Praksisen har seks behandlingseiningar, og har i tillegg nødvendige rom for røntgen, fotografering, tannteknikk og tannpuss for pasientane. Vi har også eit indre venterom der vi byr på kaffi eller te. Du finn oss i lyse og trivelege lokale i Strandgata 5 i Ørsta sentrum.

Har du spørsmål som du ikkje finn svaret på eller er det noko anna du lurer på, ikkje nøl med å ta kontakt.

Vi er her for deg, heile vegen fram til behandlingsslutt.