Mest spurde

Klossen er laus

Dersom du ikkje har fått nokon annan beskjed kan dette vente til neste besøk. Er det ubehageleg/irriterande kan ein forsøke å opne lokket og lirke klossen ut av strengen. Sjå video for instruksjon for opning av lokket, bruk kraftig nål eller annan spiss, kraftig gjenstand: https://youtu.be/3hVjaZ2uoqU?t=2m44s

Bakerste festet er laust

Dersom du ikkje har fått nokon annan beskjed kan dette vente til neste besøk. Er det vondt kan du forsøke å klippe strengen bak det neste festet.

Strengen er gått ut av festet

I dei aller fleste tilfella skjer dette med dei tynnaste og mest fleksible strengane. Ein kan forsøke å bruke ein pinsett til å bøye strengen inn i festet igjen. Om det ikkje er vondt, ordnar vi dette ved neste kontroll.

Strengen stikk i tannkjøtet

Forsøk å legge på voks. Hjelper det ikkje med voks, kan du klippe strengen bak det nest bakerste festet og ta ut den enden som stikk.

Gnagsår i kinnet

Pakk voks rundt den delen av strengen som er grunnen til gnagsåret. Ta kontakt dersom du ikkje klarer å vente til neste time.

Strikken utanpå klossane har slitna

Dersom det er lenger enn to veker til neste kontroll er det fint om du tar kontakt, elles er ikkje dette akutt. Vi festar ein ny ved neste kontroll.

Første konsultasjon

Kva skjer på første besøket

Vi undersøker tenner og tannstilling og tar ofte eit panoramarøntgenbilde for å få oversikt over alle tennene. Dersom du ønskjer det, og det er på tide å starte behandling, vil vi også ta avstøyping til gipsmodellar, bilde og eit profilrøntgen.

Kva utgifter blir dekte av trygda?

Utgifter til behandling blir dekte etter dei offentlege takstane og utifrå kva refusjonsgruppe du tilhøyrer.

Vert reisekostnadar dekka?

Dersom ein har krav på refusjon for kjeveortopedisk behandling kan ein også søke pasientreiser om dekning av reisekostnader. Meir om dette kan ein lese om på helsenorge.no. Nødvendig dokumentasjon kan de be om i vår resepsjon.

Resultat og stabilitet

Kan tennene flytte på seg etter at behandlinga er avslutta?

Det tar lang tid før tennene har stabilisert seg i den nye posisjonen. Derfor limer vi støttestrengar på baksida av framtennene oppe og nede for å stabilisere tennene etter at vi har tatt av reguleringa. I tillegg lagar vi ei plate til overkjeven som skal brukast om natta det første året etter reguleringa.

Støttestrengane beheld vi på i 4-10 år etter behandlinga. Er du flink til å bruke plata og tar kontakt om noko skjer med støttestrengane, så legg du forholda til rette for eit stabilt resultat.

Støttestrengen har losna

Ring oss og avtal time, så får vi limt den på plass igjen!

Plata verkar/følest/kjennest laus

Ring oss og avtal time, så får vi justert ho. Det er viktig at du tar med plata til timen.

Plata passar ikkje

Ring oss og avtal time, så får vi justert ho. Det er viktig at du tar med plata til timen.

Om behandlinga

Kor lenge må eg ha på streng?

Det varierer avhengig av bittfeil, men gjennomsnittleg varer ei behandling i ca. 18-24 månader.

Må eg trekke tenner?

I ein del tilfelle bør melketenner trekkast for å legge forholda best mogleg til rette for utviklinga av dei permanente tennene. Vi forsøker så godt vi kan å unngå trekking av permanente tenner, men i nokre tilfelle er det nødvendig for å kunne oppnå tilfredsstillande behandlingsresultat, både funksjonelt og estetisk.

Er tannregulering skadeleg for tennene?

Tannregulering er ikkje skadeleg for tennene så lenge ein klarer å halde på/gjennomføre eit godt reinhald gjennom heile behandlingsperioden.

Er det vondt med tannregulering?

I periodar kan tennene vere litt ømme, men det går som oftast over etter eit par dagar. Dette er spesielt vanleg når ein nettopp har fått sett på strengen eller når ein har skifta til stivare streng. Ved behov kan ein ta ibux/paracet.

Kva kan eg ete?

Stort sett alt, men ver forsiktig med seig og hard mat.

Eg hugsar ikkje korleis eg skal bruke strikka mine

Dersom du ikkje hugsar korleis du skal bruke strikka, bør du ringe oss slik at vi unngår feil bruk.

Kor seint kan ein ta til med tannregulering?

Tannregulering kan ein begynne med heile livet.

Får eg plate eller streng?

Plate kan ein bruke som innleiande behandling, og i enkelte tilfelle i det permanente tannsettet ved små bittfeil. Det er vanlegast å bruke streng etter at ein har fått på plass dei fleste av dei permanente tennene.

Når er det beste starttidspunktet?

Dette er veldig avhengig av tannvekslinga som kan ha store individuelle variasjonar. Ved ein del type bittfeil kan det vere gunstig å starte før alle melketennene er felte, men i andre tilfelle kan ein også vente til alle dei permanente tennene er komne fram.

Noko er gale

Klossen er laus

Dersom du ikkje har fått nokon annan beskjed, kan dette vente til neste besøk. Er det ubehageleg/irriterande kan du prøve å opne lokket og lirke klossen ut av strengen. Sjå video for instruksjon for opning av lokket, bruk kraftig nål eller annan spiss, kraftig gjenstand: https://youtu.be/3hVjaZ2uoqU?t=2m44s

Strengen har losna

Ein kan forsøke å få strengen inn i festa igjen. Viss det ikkje går, tar du kontakt med oss.

Strengen har flytta seg sidelengs

Det er lite friksjon i klossane, og det kan derfor skje at strengen flyttar seg sidelengs og blir for lang på eine sida og for kort på den andre sida. Ein kan då forsøke å dra/skyve strengen til riktig side igjen ved hjelp av fingrane eller t.d. ein pinsett.

Strengen stikk i tannkjøtet

Forsøk å legge på voks. Hjelper det ikkje med voks, kan du klippe strengen bak det nest bakarste festet og ta ut den enden som stikk.

Støttestrengen har losna

Ring oss og avtal time, så får vi limt den på plass igjen!

Plata kjennest/følest/er laus

Ring oss og avtal time, så får vi justert ho. Det er viktig at du tar med plata til timen.

Plata passar ikkje

Ring oss og avtal time, så får vi justert ho. Det er viktig at du tar med plata til timen.