Bilde av Ingri Beddari

Ingri Beddari

Kjeveortoped

Ingri har tannlegeutdanning frå Universitetet i Bergen frå 2001-2006 og 3-årig spesialistutdanning same stad frå 2010-2013. Allmenntannlege ved Eid tannklinikk frå 2006-2010. Instruktørtannlege ved avdeling for kjeveortopedi ved Universitetet i Bergen frå 2011-2013.

Ingri har jobba på klinikken sidan august 2013. Frå 2016 har ho drive spesialistpraksisen i lag med kjeveortoped Marit Gjethammer.

Bilde av Marit Gjethammer

Marit Gjethammer

Kjeveortoped

Marit har tannlegeutdanning frå Universitetet i Bergen (UiB) frå 2000-2005 og 3-årig spesialistutdanning same stad frå 2007 - 2010. Allmenntannlege i Stavanger 2005-2006 og i Voss 2006-2007. Instruktørtannlege ved avdeling for pedodonti (barnetannpleie) ved Det odontologiske fakultet ved UiB 2006-2007, og instruktørtannlege ved avdeling for kjeveortopedi ved UiB 2008-2010.

Marit har jobba på klinikken sidan januar 2011. Frå 2016 har ho drive spesialistpraksisen i lag med Kjeveortoped Ingri Beddari.

Bilde av Tor E. Torbjørnsen

Tor E. Torbjørnsen

Kjeveortoped

Tor har tannlegeeksamen frå Universitetet i Bergen i 1972 og spesialistutdanning i kjeveortopedi same stad frå 1974-76. Fra 1976-2015 har han drive spesialistpraksisen i Ørsta.

I tillegg til ei lang rekkje verv i Norsk kjeveortopedisk forening (m.a. formann 1990-94), Den norske tannlegeforening og Sunnmøre tannlegeforening, har han også utvikla eit eige journalprogram, Orthodontis, spesielt tilpassa kjeveortopedar.

I 2015 vart Tor utnemnd til æresmedlem i kjeveortopedisk forening.

Bilde av Nina Helen Andresen

Nina Helen Andresen

Klinikkassistent

Nina er utdanna tannhelsesekretær frå Universitetet i Oslo i 1988. Ho har tidlegare jobba for tannlege Eikås på Nordfjordeid, og har arbeidd i lag med oss sidan 2014. Ho tar del i pasientbehandlinga og sørger for ettersyn av utstyret på klinikken.

Bilde av Oddny Elin Baarholm

Oddny Elin Baarholm

Klinikkassistent

Oddny har kontorutdanning, utdanning frå Datahøgskolen og coach-utdanning frå Diakonissehjemmets Høyskole i Bergen. Ho tok til hos oss 1998 og deltar både i pasientbehandlinga og administrasjonen.

Bilde av Heidi Lillebø

Heidi Lillebø

Klinikkassistent

Heidi er utdanna tannhelsesekretær i Ålesund 1987. Ho jobba i fleire private tannklinikkar før ho begynte hos oss i 1990. Ho tar del i pasientbehandling og har ansvaret for vårt tanntekniske laboratorium og framstilling av tanntekniske arbeid saman med Liv.

Bilde av Janne Nedrelid Muren

Janne Nedrelid Muren

Administrasjonssekretær

Janne har økonomisk-administrativ utdanning frå BI og Høgskulen i Volda, og hadde fleire kontorjobbar før ho tok til hos oss i 2000. Ho har ansvaret for resepsjonen og administrasjonen av kontoret.

Bilde av Liv Marie Slenes

Liv Marie Slenes

Klinikkassistent

Liv har kontorutdanning og jobba i forskjellege kontor- og butikkjobbar før ho tok til hos oss i 1993. Ho deltar i pasientbehandling og har ansvaret for vårt tanntekniske laboratorium og framstilling av tanntekniske arbeid saman med Heidi. I tillegg sørger ho for ettersyn og vedlikehald av alt utstyret på klinikken.

Bilde av Johanne Vatne

Johanne Vatne

Administrasjonssekretær

Johanne hadde ei lang rekkje kontorjobbar før ho kom til oss i 1996. Ho har ansvaret for administrasjonen av kontoret saman med Janne. Johanne er også dagleg leiar i Orthodontis AS, som har utvikla eit journalprogram spesielt tilpassa kjeveortopedar.

Bilde av Camilla Malèn Sætre

Camilla Malèn Sætre

Klinikkassistent

Camilla er utdanna tannhelsesekretær ved Berufsbildende Schulen III Lüneburg i 2002 og tok tannpleiarutdanning ved Zahnärztekammer Niedersachsen i 2011. Ho har tidlegare jobba ved Daaeskogen tannlegesenter som tannhelsesekretær/tannpleiar og starta å arbeide hos oss i august 2016. Ho deltar i pasientbehandlinga på klinikken.